PROSJEKTER / SKARSVEGEN

Nytt turmål i Midsund

Gapahuk ved Holsvatnet/Skarsvegen

Midsund Rotary har sett opp 2 gapahuker langs Skarsvegen.
2009-06-29 Webmaster
Midsund Rotary har sidan Skarsvegen vart oppgradert, arbeidd med å sette opp 2 gapahuker langs denne turvegen som går på tvers av Otrøya. Begge gapahukane er no klar til bruk.
 
Den eine kjem ein til ved å gå opp frå Sør Heggdal, forbi Crossbana og opp langs Skarsvegen. Denne ligg inn mot eit berg, med tak over og bord og benkar til å sitje på. Her er det også organisert ei gruke å koke kaffe på eller grille pølsene sine på.
 
Den andre gapahuken finn ein på kanten mot Holsvatnet, like ved turposten. Her kan ein, om ein vil, ha med sovepose og liggjeunderlag og kampe ute under neste open himmel. I desse tider bør ein ta med godt med myggolje.....
 
Bileta under er tatt i veke 25, og viser medlemmar frå Midsund Rotary i gang med siste finpuss før målearbeidet tek til. Bileta elles er frå sjølve Skarsvegen opp mot gapahuken frå Holsvatnet.
















Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Midsund Skule
Adresse: Industrivegen 3
Postnummer: 6475
Sted: Midsund
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

Dugnad

2024-04-29 19:30 - 20:30

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS