ARKIVET / ARTIKKEL / 2011

          

               «Paul Harris Fellow» til Zdzislaw Lech

                «Paul Harris Fellow» til Zdzislaw Lech

                                  Heidra for stor innsats                                                                                                                                                  Zdzislaw Lech har gjort ein stor ueigennyttig innsats i lokalsamfunnet gjennom mange år og                                           dette er det viktigaste kriteriet for å få tildelt den høgaste utmerkelsen i Rotary, «Paul Harris Fellow».

Ved utdelinga av prisen på Rotarymøtet i slutten av mai, gjorde president i Midsund Rotary, Peder Jostein Heggdalsvik eit kort resymé av det Lech hadde vore med på.

-Zdzislaw Lech kom til Midsund i 1977 og vart tilsett som musikkinstruktør på Midsund skule. Med dette fekk musikklivet fart, det vart starta popgrupper, kor, korps, fiolinskule, musikklubb og jazzklubb og dette gjorde Midsund kjent i musikkmiljøet. Det store arbeidet Lech la ned ved sida av sitt arbeid gjorde at han fekk kulturprisen i 1998. Og hans innsats har ført til at Midsund har fått mange toppmusikarar.
Lech har vore med og bidratt til dei fleste kulturarrangementa i kommunen. Og han er lett å spørje og det er lett å få ja. Musikkskulen kom i 1991 og han vart då musikkskulerektor.
Lech har ei høg stjerne i musikklivet i Romsdal og kontaktnettet hans er stort. Han har også vore med i danseband, jazzband og gammaldansgruppe. Han er mest kjend for å spele fiolin og piano og han har alltid vore oppteken av at dei unge skal vise seg fram.
Zdzislaw Lech går no snart av med pensjon og vi i Rotary meiner at han fortener å bli heidra for den innsatsen han har gjort i kommunen, sa Peder Jostein Heggdalsvik.
Lech takka. -Dette var ein stor overraskelse for meg og eg er glad for at det er sett pris på det arbeidet eg har gjort, sa Zdzislaw Lech og takka for prisen ved å spele første del av ein konsert av Vivaldi.

                                                                            

   Zdzislaw Lech fekk overrekt «Paul Harris Fellow» av presidenten i Midsund Rotary, Peder Jostein Heggdalsvik.

Zdzislaw Lech vart no den fjerde i Midsund som fekk tildelt «Paul Harris Fellow». I 2005 fekk Perdy Raknes denne utmerkinga som den første frå vår kommune. I mai 2008 fekk Solbjørg Heggdal og Rolf Rakvåg tildelt «Paul Harris Fellow».

Paul Harris (1868-1947) er rekna som grunnleggjaren av Rotary som no har over ein million medlemmar rundt om i verda. Rotary sitt motto er «Service above self» og ved utdeling av «Paul Harris Fellow» må den lokale klubben betale inn 1000 dollar til Rotary Foundation.



40-års markering i Rotary


40-års markering i Rotary


I Midsund er det ein forholdsvis liten klubb, men Rotarybegelsen er spreidd til 156 land og har tilsammen 1,4 millionar medlemmer.


Den første spiren til Midsund Rotaryklubb vart lagt då Hallvard Holm reiste på eit møte i Brattvåg Rotaryklubb i november 1971. Den 19. desember året etter vart Midsund Rotaryklubb registrert og Hallvard Holm, som då var styrar på ungdomsskulen i Midsund vart vald til den første presidenten.

Og den 19. desember i fjor var det 40 år sidan klubben vart stifta og då var det jubileumsfest på Midsund Kro. Nokre klubbar frå nærområdet var invitert på festen og her møtte medlemmer både frå Fræna, Vestnes og Aukra. Midsund sin fadderklubb, Brattvåg Rotaryklubb hadde ikkje høve til å komme. På jubileumsfesten fekk dei vist fram litt av kulturlivet her i kommunen i og med at elevar og lærarar i kulturskulen stod for underhaldninga.

Midsund Rotaryklubb fekk og overrekt ein vimpel som viste at klubben vart nummer to når det gjeld pengegåver til Rotary Foundation som mellom anna arbeider for vaksinering mot polio rundt om i verda.

Rotarybevegelsen vart starta av Paul Harris i Chicago 23. februar 1906, i dag er Rotary representert i nær sagt alle land i verda. Til Norge kom bevegelsen i 1922 og i tråd med Harris sitt ønskje skulle Rotarymedlemmene engasjere seg både innad i sin eigen klubb, i sitt lokalmiljø og elles i verda.

Rotary sitt motto er «Mankind is our business» noko som kan oversettast med «Menneskeligheten er vårt ansvar» og det går ei ubrutt linje frå dei fem første medlemmene i Chicago til det nettverk av Rotaryklubbar vi har i dag. Årleg samlar Rotary-klubbane rundt om i verda inn 420 mill. dollar som går til humanitær hjelp.

Midsund Rotaryklubb møtest kvar måndag på Midsund Kro, av og til er medlemmene på bedriftsbesøk både i og utanfor kommunen. I tillegg deltek dei i lokale hjelpeaksjonar. Dei køyrer rundt med mat til eldre i kommunen om helga, dei har rydda turstiar og sett opp skilt om turstiar, og eit fast oppdrag kvart år er å rydde badestranda på Sandane. For nokre år sidan hadde klubben besøk av eit 20-tals studentar frå utlandet som dei viste rundt i kommunen og klubben driv og utveksling av studentar.

Medlemstalet i Midsund Rotary har variert opp gjennom åra, mellom 14 og 27. Då dei starta i 1972 var det 24 medlemmer, ved 40 års jubileet var dei 18 medlemmer, og tre av dei er såkalla chartermedlemmer som har vore med sidan klubben vart starta. På bilete er to av chartermedlemmene, Ola Rakvåg og Kjell Sjøvik fotografert saman med presidenten i jubileumsåret, Oddleiv Rakvåg. Den tredje chartermedlemmen, Lars Rakvåg, var ikkje til stades.



REFERAT    Ola Rakvåg








                     
  




Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Midsund Skule
Adresse: Industrivegen 3
Postnummer: 6475
Sted: Midsund
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

Dugnad

2024-04-29 19:30 - 20:30

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS