PROSJEKTER / ROUNDTRIP

ROUNDTRIP 2010








Midsund Rotaryklubb tar imot i lag med Ålesund, Brattvåg og Vatne Rotaryklubber Roundtrip. Her kommer det fortløpende oppdatert informasjon

Rotary tok imot utanlandske ungdommar

Rotary tok imot utanlandske ungdommar

12 ungdommar frå nesten like mange europeiske land besøkte Midsund i tre dagar. Her er dei samla saman med rotarymedlemmar og vertsfamiliar før dei reiste vidare til Vatne Rotaryklubb. Bak frå venstre: Rotary president Peder Jostein Heggdalsvik, Lars Rakvåg, Oddleif Rakvåg, Georg Hole, Kjell Sjøvik, Arnstein Misund, Birgitta Hole, Kristi Jenset, Eva Opstad og Odd Kjell Sjøvik. Dei tolv andre på bildet er studentane som var på besøk. Dei var frå Luxembourg, Tyskland, Østerrike, Kroatia, Tyrkia, Slovenia, Tsjekkia (2), Romania, Bulgaria, Portugal og Italia.


– Dei tolv ungdommane som hadde vore på besøk hos Midsund Rotary hadde berre lovord å seie om opphaldet i Midsund. Excellent, relaxing, really nice people, best «vaffles» ever, good food var ord som gjekk igjen då ungdommane takka for seg på rotarymøtet sist måndag. Alle hadde dei hatt eit flott opphald og takka vertsfolket som hadde tatt seg godt av dei.
– Ja, vi har hatt eksemplariske ungdommar på besøk. Og det var triveleg å høyre at dei har likt seg godt og at dei har sett pris på dei aktivitetane vi hadde lagt opp til dei. Tre-fire dagar i Midsund, med det flotte veret, har tydelegvis gjort inntrykk, seier president i Midsund Rotary Peder Jostein Heggdalsvik.


                                                                                              Velkomst med grillmat i bålhust på Søre Midøy.

Det er no ti år sidan sist Midsund Rotary hadde utvekslingsstudentar på besøk. Også då var det tolv ungdommar frå nesten like mange land som gjesta kommunen vår.
Ungdommane hadde vore tre dagar i Ålesund og tre dagar i Brattvåg då dei kom til Midsund sist fredag. Dei vart innkvartert heime hos rotarymedlemmane før dei møttest i bålhuset på Midøya til grillfest og litt underhaldningsinnslag. Her vart dei ønska velkomen av rotarymedlem Arnstein Misund, og varaordførar Magne Reiten orienterte litt om Midsund kommune og ønska dei velkomne på vegne av kommunen.


Berre ein av ungdommane hadde skote med hagle, så leirdueskyting var ei ny oppleving for dei fleste

Laurdag var det tur over Skarsvegen som stod på programmet. Denne gamle vegen vart for nokre år sidan laga delvis på dugnad av Midsund Rotary. Her har dei og sett opp to gapahukar, og når ungdommane kom ned til Holsvatnet var det mat i bålhuset før dei vart køyrt på leirdueskytebana. Og berre ein av deltakarane hadde prøvd å skyte med hagle før, så dette var ei ny oppleving. Og om kvelden var dei på Kroa, der det viste seg at ungdommane var flinke karaokesangarar.
Søndag var det avslapning hos vertsfamiliane og fisketur. Sjølv om fisken ikkje var så villig å bite, vart dei ikkje heilt fri.
Og siste dagen var sett av til bedriftsbesøk. Først var dei på Midsund Bruk, så på Sjøvik AS og på Nybo og avslutta med Romsdal Processing. Det er forholdsvis lite aktivitet i bedriftene på denne tida, i tillegg er mange permitterte ved Midsund Bruk og på Romsdal Processing fekk dei stopp i maskinene. Likevel syntest ungdommane at dei hadde fått sett og opplevd mykje.
Og etter bedriftsbesøka var dei ute i Bjørneremshellerane, der leiar i Midsund Slekt- og Historielag, Kjell Magerøy fekk vist dei korleis dei første midsundingane budde.
Dette var fjerde gongen at Midsund Rotary, sidan det vart stifta i 1972, tek imot utvekslingsstudentar, men berre ein midsunding har vore på ei slik reise, Asbjørn Ræstad i 1984. – Vi skulle gjerne sett at også ungdommar frå Midsund får ei slik oppleving som dette er. Ungdommane betalar reisa sjølve, men både mat, overnatting og aktivitetar dei er med på er gratis og blir betalt av Rotaryklubbane. Eit opphald er på 14 dagar og vanlegvis besøkjer dei fire rotaryklubbar, seier rotarypresidenten og kan ikkje forstå at ikkje fleire ungdommar i Midsund nyttar seg av dette tilbodet.


Det måtte ekstra påkledning til for å få omvisning på Romsdal Processing.

Og på rotarymøtet sist måndag heldt Odd Kjell Sjøvik ei lita orientering om Midsund Rotary. – For det første er vi med og støttar Rotary Foundation som støttar helse- og utdanningsprosjekt rundt om i verda. I tillegg gjer vi ein del gode ting for lokalsamfunnet. Vi har vore med å lage vegen over Skaret, vi ryddar badeplassane i kommunen og vi distribuerer mat til eldre. Her får vi dekt køyreutgiftene som i si heilheit går til Rotary Foundation, sa Odd Kjell Sjøvik. Han takka for at dei hadde besøkt Midsund og ønska dei lykke til vidare i livet og velkomne tilbake til Midsund dersom det skulle bli aktuelt




Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Midsund Skule
Adresse: Industrivegen 3
Postnummer: 6475
Sted: Midsund
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS